Handlevogn 0

Rehabilitering av pipe/skorstein

Piperehabilitering er ei investering i brannsikkerheit.

Eldre skorsteiner er ofte nedbrutt av for eksempel løpesot, kondensvatn eller syre. Typiske problem kan vere fare for pipebrann, skada innerrøyr, fuktskade, sprekkar og fuger eller feil avstand til treverk. Ved slike skader kan piperehabilitering vera påkrevd.

Rehabilitering av skorstein gir deg meir sikkerheit, betre fyringsøkonomi og eit reinare miljø. Me har lang erfaring med å oppgradere gamle piper slik at dei møter dagens krav.

Sogn Varme & piperehabilitering tilbyr ulike metoder for piperehabilitering, og vel metode ut frå behovet til den aktuelle skorsteinen. Me har og eit skorsteinskamera for inspeksjon av innvendig pipeløp, og hjelper deg med å finne beste løsning.

 

Uforpliktande befaring

Nøl ikkje med å ta kontakt for ei uforpliktande befaring.